Om Artige Kjolar

Artige Kjolar

Hjarteleg velkomne til butikken min, so flott at du vil sjå innom akkurat meg!
Håpar du finn noko som fenger.

Eg syr ARTIGE KJOLAR til vaksne, men likar og å sy til born.
Å sy desse kjolane gjer meg glad!

Eg elskar å setje saman morosame stoff i glade fargar. Gamle stoff vert nytta i lag med moderne. Artige mønstre, fargerike stoff og kreative løysingar vil du finne.

Alle stoff vert nøye gjennomgått og vaska før bruk.

I butikken min vil du finne kjolar som er redesigna og du vil finne kjolar av nye stoff.
Kanskje det og vil kome kjolar til born i butikken, det får tida vise.

Eg likar å prøve ut ulike mønstre, sjå gjerne innom butikken min med jamne mellomrom.

Om du finn noko du likar og du lurer på noko-så send meg gjerne ein mail.
I butikken min kan du velgja ulike betalingsmåtar, både PayPal og privat oppgjer.

MED MINE ARTIGE KJOLAR VIL EG GJERA DEG GLAD